
Sist episode for sesongen! Tarjei, Kari og Dag gjer tips til eksamen, og takkar for seg. Lukke til med eksamen og vidare studier!
May 7, 2019
21 min

Vi nærmar oss påske, og det er berre Tom og Tarjei som deltek på denne podkasten. Tarjei snakkar om internasjonalisering, og Tom snakkar mellom anna om korrupsjon. Det blir egentlige einige om prinsipp, men kanskje ikkje det beste namnet på etikk. (Og det er episode 13 sjølv om det vert introdusert som episode 12). God påske!
Apr 12, 2019
21 min

Eit fullt kollegium denne veka. Tom oppsummere Etikkdagane som gjekk av stabelen denne veka, Frode går svært godt gjennom juridisk metode (NB! Svært eksamensrelevant) og Dag snakkar om mellom anna verdsetting av aksjer. Tarjei prøver å ikkje snakke så mykje, og lukkast berre delvis.
Apr 5, 2019
17 min

I denne episoden snakkar Tarjei og Tom om implementering og måling, moral og etikk. Det er ikkje alltid systema det er noko feil med, det er data vi puttar inn i systema. Vi er i prinsippet enige, men har ulike perspektiv, spesielt på dette digitalisering.
Mar 29, 2019
22 min

Dag, Frode og Tarjei snakkar om veka som har gått i klasserommet. Vi diskuterer handlingrommet til dagleg leiar i forhold til styret, og om korleis Øyvind bedre kunne skaffe seg konkurransefortrinn med kajakkene sine.
Mar 22, 2019
42 min

I denne episoden har Dag, Frode, Kari og Tarjei latt diskusjonane få litt plass, vi diskuterer kor synkroniserte org og strategi er denne veka, og om korleis teknologien snart kan hjelpe det utskjelte konseptet byråkratiet med å oppfylle sin eigentlege funksjon: Rettferd og openheit rundt beslutningar. Tarjei fortel om uante og uventa gevinstar ved å delta i folkefinansiering. Det vert og, som vanleg, ein gjennomgang av fagstoffet frå klasserommet denne veka.
Mar 15, 2019
44 min
